Vi hadde en idè om å bygge eit svært rimeleg landbasert anlegg som var enkelt å bygge. Den beste måten for teste ut om det var mulig å bygge eit anlegg utan spisskompetanse, var å utføre alt arbeid sjølv. Undertegna er ein tre-neve og mine kollegaer har kvar og ein meir enn to tommeltottar. Kunne vi klare kan alle klare det.
Hausten 2007 gjekk med til å bygge anlegg. Vi køyrte gravemaskin, planerte tomt, sveisa rør saman med Dagfinn, la ut rør i sjø, sette opp karvegger, forskala og støpte. Karvegger vart henta fra Fresvik og tak kom frå ein bringebærprodusent på Vangsnes.
I januar 2008 sto nyvinningen klar. Veggane holdt på vatnet. Og det funket. Et 120 m2 raceway anlegg med resirkulering, oksygenering fra luft, stripping av CO2, sedimenteringsanlegg, - alt klappet og klart.
Vi hadde klart å montere alt sjølv. Det såg stygt ut ei stund og det var nok et par kalde vinterkvelder, då alt gjekk gale, at vi trudde det ikkje skulle gå. Men ved hjelp av diskusjonar med ansatte på Osland Havbruk, lokale snekkarar og naboar fikk vi lirka det til på et vis.
Og snart skulle fisken oppi karet...

Ole-Kristian og Stian.
|